Til hovedinnhold

Ledige Stillingar

Vi meiner vi har den beste arbeidsplassen i verda, blir du med?

Vi er 16 engasjerte tilsette fordelt på næring og bustad som har mange spennande prosjekt på gang. Større oppdragsmengd gjer at vi treng fleire dyktige kollegaer som har den riktige "driven" og som er sjølvstendig. Hos oss møter du eit profesjonelt fagmiljø som set eit inkluderande arbeidsmiljø høgt. Kundane våre er innan industri, bygg og anlegg, privatmarknaden og oppdrettsnæringa.

EL-Kontrollør

Vi opplever auka etterspurnad og treng ein sjølvstendig, engasjert og omgjengeleg El-kontrollør, eller ønskjer å bli El-kontrollør, som liker å skapa gode resultat i eige arbeid og samtidig er ein lagspelar. Er du riktig person og ikkje har dei riktige kursa ønskjer vi å tilby kurs for å bli El-kontrollør.

Elektrikar

Vi søker etter elektrikarar som vil vere med å bygga Nordvest Elektro større og sterkare. Som elektrikar hos oss vil du jobbe sjølvstendig på ulike type oppdrag både mot privat og bedriftsmarknaden. Hos oss får du både planlegge, samordne og utføre oppdrag i samarbeid med saksbehandsamar og andre kollegaer. Arbeidet inneber både tekniske installasjonar og kontakt med kundar.