Til hovedinnhold

Elektrikar og ute etter nye utfordringar?

Vi søkjar etter elektrikarar som vil være med å byggja Nordvest Elektro større og sterkare. I dag er vi 15 engasjerte tilsette fordelt på næring og bustad som har mange spennande prosjekt på gang. Større oppdragsmengd gjer at vi treng fleire dyktige kollegaer som har den riktige "driven" og som er sjølvstendig. Hos oss møter du eit profesjonelt fagmiljø som set eit inkluderande arbeidsmiljø høgt. Kundane våre er innan industri, bygg og anlegg, privatmarknaden og oppdrettsnæringa.

Som elektrikar hos oss vil du jobba sjølvstendig på ulike type oppdrag både mot privat og bedriftsmarknaden. Hos oss får du både planleggja, samordna og utføra oppdrag i samarbeid med saksbehandlarar og kollegaene dine. Arbeidet inneber både teknisk installasjonar og kontakt med kundar. Hos oss vil du jobba saman med kollegaer, men også utføra oppdrag sjølvstendig. Du trivst med ansvar i kvardagen og blir motivert av gode resultat i eige arbeid og i fellesskap.

Kva vil arbeidsoppgåvene dine være?

  • Service- og nyinstallasjonar hos privat og næringskundar

  • Planlegging og gjennomføring av installasjon og prosjektoppdrag på ein effektiv måte

  • Utføre alle typar oppdrag faglig- og forskriftsmessig riktig

  • Dokumentasjon av oppdraga

  • Dokumentasjon av endringsarbeid og #tilleggsarbeid

  • Utredninger/feilsøking av tekniske system

  • Service og løysingsorientert

  • Mersalg mot kundar

  • Kommunikasjon med kundar, fagleg ansvarlege og behandlar

  • Vise ansvar for eigen og andres tryggleik - ha ansvar for god HMS-kultur

Kven søkjer vi?

  • Fagbrev elektrikar

  • Fullført læretid i bedrift

  • Førerkort klasse B

  • Du har yrkesstoltheit

  • Er nøyaktig og ansvarsmedvite

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

  • God norsk eller engelsk munnleg og skriftleg formuleringsevne.

Kva tilbyr vi?

  • Fast arbeid og konkurransedyktige vilkår

  • Frihet under ansvar og moglegheiter til å styra eigne oppdrag

  • Ryddig arbeidsforhold og eit godt arbeidsmiljø

  • Eit stort og svært variert arbeidsområde innan elektrofaget

  • Kompetanseheving og kursing

  • Positivt og inkluderande arbeidsmiljø med hjelpsame leiarar og gode kollegaer

  • Godt utstyrt servicebil og mobil

  • Gode pensjons og forsikringsordningar.

  • Bedriftshelseteneste

  • Beste kollegaer på Søre Sunnmøre

Kvar?

  • Ørsta / Volda

  • Hareid

  • Ulsteinvik

  • Herøy

Søk stilling som elektrikar!

Søk her!