Til hovedinnhold

Ønsker du jobb som El-kontrollør?

Vil du vera med på å utvikla Nordvest Elektro vidare?

Vi opplever auka etterspurnad og treng ein sjølvstendig, engasjert og omgjengeleg El-kontrollør, eller ønskjer å bli El-kontrollør, som liker å skapa gode resultat i eige arbeid og samtidig er ein lagspelar. Er du riktig person og ikkje har dei riktige kursa ønskjer vi å tilby kurs for å bli El-kontrollør.

Nordvest Elektro har stor tru på bidraget til den enkelte til bedrifta så hos oss møte du eit profesjonelt fagmiljø som set eit inkluderande arbeidsmiljø høgt. Som ansvarlege for internkontroll hos oss arbeider du sjølvstendig i ulike typar oppdrag og prosjekt for privat og næringskundar på Søre Sunnmøre, store som små.

Arbeidsoppgåvene dine vil være?

  • hovudansvar for å planleggja, gjennomføra og følgja opp internkontroll-oppdrag på ein god og effektiv måte

  • feilsøking og reparasjon av tekniske system

  • sal og meir-sal av internkontroll oppdrag og nye avtalar

  • sjå til korrekt dokumentasjon av oppdraga, #tilleggsarbeid og endringar

  • kundekontakt og kundeoppfølging

  • ansvarlege for at alle oppdrag er i tråd med dei høge krava våre til kvalitet og tryggleik.

Kven er du?

  • set kunden i fokus, serviceinnstilt og leverer som avtalt

  • arbeider sjølvstendig, strukturert og er ansvarsfull

  • har fagleg stoltheit, held kunnskap vedlike

  • oppteke av å leverer kvalitet og å utføra arbeidet innanfor regelverket

  • har godt humør og bidreg til arbeidsmiljøet

Kva kompetanse har du?

  • fagbrev elektrikar (montør gr. L)

  • god norsk munnleg og skriftleg formuleringsevne

  • førarkort klasse B

Ønskelig kompetanse:

  • sertifisert i samsvar med NEK405, næring

  • sertifisert i samsvar med NEK405, termografering

Kva kan vi tilby deg?

  • ein solid arbeidsgivar med ambisjonar

  • ei stilling som byr på god fagleg og personleg utvikling

  • eit spennande, positivt og hektisk, men godt arbeidsmiljø

  • tenestebil og verktøy/maskiner

  • nettbrett/PC og telefon

  • svært konkurransedyktige lønnsvilkår

  • gode pensjon og forsikringsordningar

Søk stilling som EL-kontrollør!

Søk her!