Send oss en forespørsel

Våre tenester

Montørane våre arbeider omlag like mykje på private bustadar som på næring og offentlege bygg. installasjonar i private bustadar omfattar nybygg, rehabilitering og serviceoppdrag.

Oppdraga vi har på næring omfattar svært mykje. Datakabling, brannalarm, belysning, tekniske alarmar, prosesstyring, automasjon og naudstraumsanlegg er eksempler på slike jobbar. Treforedling og fiskeoppdrett er næringar vi har mange oppdrag for.

Vi har også mange oppdrag på skular, samfunnshus, vassverk, rådhus, kyrkjer og store samdriftsfjøsar. Andre oppdrag kan være veglysanlegg og småkraftverk.

Kvifor velge Nordvest Elektro AS som leverandør:

  • Vi er opptatt av å ha nøgde kunder
  • Samme mann som prosjekterar og utfører installasjonane
  • Vi er til eikvar tid oppdatert på ny teknologi og moglegheiter
  • Har kompetanse og erfaring med smarthusinstallasjonar
  • Har dyktige fagfolk på huset innan dei fleste typar installasjonar (lyd, lys, teknikk, design, styring,data osv.)
  • Har eit stort nettverk av seriøse samarbeidspartnarar (leverandørar osv.)